Mikromarc i brukarperspektivet
Postet den 23. July 2009 | Skrevet av Anne-Lena | 3 kommentarer
Nestemann ut i serien “Biblioteksystemene sett i forhold til BIBLIOTEKBRUKERperspektivet” er Vidar Lund som har skrevet om Mikromarc i brukerperspektivet.
Mikromarc i brukarperspektivet
Websøket til Mikromarc 2 (MM2) er heilt OK. Ein får søkt opp det som finst i basen, trefflista kan sorterast på ulike kriterium (sjølv om feltet for utgjevingsår sorterer alfabetisk…), ein kan bestille, fornye og slikt som ein bør kunna i eit biblioteksystem. Det har eit par manglar òg. Den viktigaste er noko so banalt som stavefeil. Alle som får ein SMS i dag ser at mange ikkje kan stave. Det gjeld bibliotekbrukarar òg, og dersom dei søkjer etter ”Rolwing” i staden for ”Rowling”, ”Harry Poter” i staden for ”Harry Potter” osb får dei ingen treff og heller ingen framlegg om andre søkjetermar. Dette er noko betre i websøket til Mikromarc 3 (MM3), der får ein opp framlegg etter kvart som ein skriv søkjeordet. Fullfører ein derimot søkjeordet feil, får ein framleis ingen treff. Her kunne ein ynskt seg meir Google-tilnærming!
Eg lurer òg på kor mange som gidd å lesa hjelp-fila. Brukarane er veldig bortskjemte, og ei eiga hjelpefil gjer ikkje same nytten som automatisk oppslag ved klikking i skjermbiletet t.d. I websøket til MM3 ser det ut til at hjelpefila er borte, men ho er ikkje erstatta med noko anna enno.
Elles er fokuset på deling svakt. Det er ikkje mogleg å finne rettleiingar til korleis ein utnyttar Z39.50-tenaren, MM2 har korkje RSS eller SRU – RSS er komen i MM3, SRU skal visst koma. I MM3 får ein RSS frå nyhendelistene og på søkjeresultat, noko som t.d. kan utnyttast i bloggar eller andre nettsider. Så vidt eg kan sjå, er den einaste forma for deling som er enkel å få til som ein meinig brukar hos MM2 direkte lenking til ferdige søk. Slik kan du t.d. lenkje til ”Fransk språk”.
Websøket til MM2 og MM3 er heilt OK når det gjeld ”Meg&Mitt” og lånarprofilar. Om ein skulle ønskt seg noko, går det meir på samordning med andre system og andre MM-bibliotek. Eit spørsmål er t.d. kva som kan gjerast i samarbeid med MiSide. Har du felles lånekort finn du profilen din i MiSide, med liste over kva bibliotek du er registrert ved. Kvifor ikkje liste opp låna samstundes?
Kommentarer
3 svar to “Mikromarc i brukarperspektivet”
Legg igjen en kommentar
July 24th, 2009 @ 09:10
[...] Lund skriver 23. juli om biblioteksystemene Mikromarc 2 og 3. Her er det både ris og ros. Av det negative trekkes frem: ingen hjelp ved stavefeil, manglende [...]
February 9th, 2010 @ 14:26
Jeg er ikke helt sikker på om den direktelenkinga til ferdige søk fungerer så veldig bra. Har prøvd i flere sammenhenger å lenke til trefflister i Micromarc 2, men lykkes ikke. Hverken med lang eller kort URL.
Når det gjelder lenken til søkeresultatet “Fransk språk” fungerer ikke den. Vi har prøvd og prøvd, men det går rett og slett ikke.
Er dette brukerfeil eller et virkelig problem?
February 11th, 2010 @ 09:38
Takk til Vidar for en god omtale. Vi (Bibliotekenes IT-senter AS) har stor fokus på weben i år, og det sier seg selv at det er i Mikromarc 3 utviklingen vil komme.
Et generell utfordring er at weben skal være nyttig for to helt ulike brukergrupper, bibliotekarer og publikum. I dag fremstår våre søkesider som en mellomting og et kompromiss mellom de to ulike behovene. Vår fokus vil først og fremst være på publikums behov.
Dette omfatter også stavehjelp, forslagshjelp, og generell Google-tilnærming. Vi samarbeider tett med våre brukergrupper om utviklingen for å tilpasse oss publikums behov.